34 Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje det han sa.
35 Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga.
36 Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på.
37 Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.»
38 Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»
39 Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»
40 Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han: