7 Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?
8 Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»
9 Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
10 «To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar.
11 Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der.
12 Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’
13 Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’