15 Då han no kom att som konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent.
16 Den første kom fram og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.’
17 ‘Det er bra, du gode tenar’, sa kongen. ‘Fordi du har vore tru i lite, skal du få rå over ti byar.’
18 Den andre kom og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.’
19 Til han sa kongen: ‘Du skal rå over fem byar.’
20 Men så kom det ein og sa: ‘Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i eit tørkle.
21 Eg var redd deg, for du er ein streng mann som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sådd.’