25 ‘Herre, han har alt ti pund’, sa dei.
26 ‘Ja, men eg seier dykk: Den som har, skal få, og den som ikkje har, skal bli fråteken sjølv det han har.
27 Men desse fiendane mine, dei som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, før dei hit og hogg dei ned for auga mine.’»
28 Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på vegen opp mot Jerusalem.
29 Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg
30 og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og han har det aldri sete noko menneske på. Den skal de løysa og leia hit!
31 Og er det nokon som spør: ‘Kvifor løyser de folen?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han.’»