29 Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg
30 og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og han har det aldri sete noko menneske på. Den skal de løysa og leia hit!
31 Og er det nokon som spør: ‘Kvifor løyser de folen?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han.’»
32 Dei to gjekk av stad og fann det slik som han hadde sagt.
33 Dei løyste folen, og dei som eigde han, spurde: «Kvifor løyser de folen?»
34 Dei svara: «Herren har bruk for han.»
35 Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå.