39 Nokre farisearar i folkemengda sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rette!»
40 Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»
41 Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen
42 og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.
43 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.
44 Dei skal slå deg til jorda, og borna dine med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»
45 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel.