18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.
19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.
20 Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.
21 Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.
22 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.
23 For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren.
24 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.