21 Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.
22 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.
23 For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren.
24 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.
25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han,
26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva.
27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova,