27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova,
28 tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,slik som du har lova.
30 For mine auge har sett di frelse,
31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
32 eit lys til openberring for heidninganeog til ære for folket ditt, Israel.»
33 Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.