35 – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
36 Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år,
37 og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.
38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
39 Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.
40 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.
41 Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida.