37 og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.
38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
39 Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.
40 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.
41 Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida.
42 Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.
43 Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det.