40 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.
41 Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida.
42 Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.
43 Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det.
44 Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar.
45 Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der.
46 Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål.