5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.
6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,
7 og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.
9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.
10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:
11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.