9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.
10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:
11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.
12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
14 «Ære vere Gud i det høgste,og fred på jordablant menneske Gud har glede i!»
15 Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»