10 Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga. Men dei skamslo han og lét han gå tomhendt bort.
11 Då sende eigaren ein annan tenar, men dei skamslo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort.
12 Endå ein tredje sende han, men han òg slo dei til blods, og så kasta dei han ut.
13 ‘Kva skal eg no gjera?’ tenkte eigaren av vingarden. ‘Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær. Han vil dei vel ha vørdnad for.’
14 Men då vinbøndene fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: ‘Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’
15 Så kasta dei han ut av vingarden og slo han i hel.Kva skal så vingardsherren gjera med desse vinbøndene?
16 Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!»