18 Kvar den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»
19 Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.
20 Sidan heldt dei auge med han og sende ut folk som skulle vakta på han. Dei skulle lata som dei var ærlege menn og prøva å gripa han på grunn av noko han sa, så dei kunne få gje han over i landshovdingens makt.
21 Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg.
22 Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
23 Men han merka baktankane deira og sa til dei:
24 «Vis meg ein denar! Kven har biletet og namnet sitt på denne?» «Keisaren», svara dei.