20 Sidan heldt dei auge med han og sende ut folk som skulle vakta på han. Dei skulle lata som dei var ærlege menn og prøva å gripa han på grunn av noko han sa, så dei kunne få gje han over i landshovdingens makt.
21 Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg.
22 Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
23 Men han merka baktankane deira og sa til dei:
24 «Vis meg ein denar! Kven har biletet og namnet sitt på denne?» «Keisaren», svara dei.
25 Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»
26 Dei greidde ikkje å setja han fast i noko av det han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.