22 Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
23 Men han merka baktankane deira og sa til dei:
24 «Vis meg ein denar! Kven har biletet og namnet sitt på denne?» «Keisaren», svara dei.
25 Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»
26 Dei greidde ikkje å setja han fast i noko av det han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.
27 Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som nektar for at det finst ei oppstode. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
28 «Meister, Moses har gjeve oss denne forskrifta: Om ein gift mann døyr og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.