27 Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som nektar for at det finst ei oppstode. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
28 «Meister, Moses har gjeve oss denne forskrifta: Om ein gift mann døyr og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.
29 No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde barnlaus.
30 Så gifte den andre seg med henne,
31 og så den tredje, og på same måten alle sju, men alle døydde dei barnlause.
32 Til sist døydde kvinna òg.
33 Når dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har dei vore gifte med henne.»