3 Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Sei meg:
4 Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske?»
5 Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’
6 Men svarar vi: ‘Frå menneske’, kjem alt folket til å steina oss, for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»
7 Difor svara dei at dei ikkje visste kvar Johannes-dåpen var frå.
8 Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»
9 Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:«Ein mann planta ei vinmark og leigde henne bort til nokre vinbønder. Så drog han ut av landet og skulle vera lenge borte.