35 Men dei som blir haldne verdige til å vera med i den komande verda og stå opp frå dei døde, dei verken gifter seg eller blir bortgifte.
36 Dei kan ikkje døy meir. Dei er som englane, og dei er Guds born, for dei er born av oppstoda.
37 Men at dei døde står opp, har Moses òg vist i forteljinga om klungeren, når han kallar Herren for Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.
38 Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. For dei lever alle for han.»
39 Då sa nokre av dei skriftlærde: «Meister, du svara godt.»
40 Sidan våga ingen å spørja han meir.
41 Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son?