40 Sidan våga ingen å spørja han meir.
41 Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son?
42 David seier då sjølv i Salmane: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand
43 til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter.
44 David kallar her Messias for herre, korleis kan han då vera Davids son?»
45 Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane:
46 «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og likar å ta mot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod.