44 David kallar her Messias for herre, korleis kan han då vera Davids son?»
45 Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane:
46 «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og likar å ta mot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod.
47 Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»