13 Då skal de få vitna for dei.
14 Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk.
15 For eg skal leggja orda i munnen på dykk og gje dykk visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg imot eller seia imot.
16 Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden.
17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.
18 Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista.
19 Hald ut, så skal de vinna livet!