16 Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden.
17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.
18 Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista.
19 Hald ut, så skal de vinna livet!
20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd.
21 Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen.
22 For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.