2 Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar.
3 Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.
4 For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»
5 Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:
6 «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»
8 Han svara:«Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje!