26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka.
27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom.
28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»
29 Så fortalde han dei ei likning:«Sjå på fikentreet og alle andre tre!
30 Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær.
31 Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender.
32 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.