32 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.
33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
34 Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk
35 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda.
36 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»
37 Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta.
38 Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han.