5 Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:
6 «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»
8 Han svara:«Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje!
9 Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.»
10 Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike.
11 Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.