1 Det nærma seg no høgtida med usyra brød, som dei òg kallar påske.
2 Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne få Jesus drepen, for dei var redde folket.
3 Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv.
4 Han gjekk av stad og tala med overprestane og leiarane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus over til dei.
5 Dei vart glade og lova å gje han pengar.
6 Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.