12 Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.»
13 Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.
14 Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han.
15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida.
16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.»
17 Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.
18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»