22 Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!»
23 Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.
24 No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største.
25 Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar.
26 Men slik er det ikkje hos dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og leiaren skal vera som ein tenar.
27 For kven er størst, den som er gjest ved bordet, eller den som er tenar? Er det ikkje gjesten? Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.
28 De er dei som har halde ut hos meg i prøvingane mine.