3 Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv.
4 Han gjekk av stad og tala med overprestane og leiarane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus over til dei.
5 Dei vart glade og lova å gje han pengar.
6 Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.
7 Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast.
8 Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.»
9 «Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei.