38 Då sa dei: «Herre, sjå, her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.
39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han.
40 Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!»
41 Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad:
42 «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»
43 {{Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.
44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.}}