39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han.
40 Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!»
41 Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad:
42 «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»
43 {{Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.
44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.}}
45 Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg.