46 «Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»
47 Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han.
48 Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?»
49 Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?»
50 Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret.
51 Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.
52 Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.