51 Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.
52 Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.
53 Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som har makta.»
54 Dei tok han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter følgde etter, eit langt stykke bak.
55 Midt inne på gardsplassen var det gjort opp ein eld som dei samla seg rundt. Peter slo seg ned blant dei som sat der.
56 Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»
57 Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»