54 Dei tok han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter følgde etter, eit langt stykke bak.
55 Midt inne på gardsplassen var det gjort opp ein eld som dei samla seg rundt. Peter slo seg ned blant dei som sat der.
56 Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»
57 Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»
58 Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter.
59 Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»
60 Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, menneske!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.