63 Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.
64 Dei batt for auga hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»
65 Og dei hånte han på mange andre måtar òg.
66 Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet,
67 og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje,
68 og om eg spør, svarar de ikkje.
69 Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.»