67 og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje,
68 og om eg spør, svarar de ikkje.
69 Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.»
70 Då spurde dei alle: «Så er du altså Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»
71 Då sa dei: «Kva skal vi no med vitneutsegner? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»