16 Difor vil eg la han bli piska og så setja han fri.»
17 {{Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.}}
18 Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»
19 – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.
20 Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.
21 Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!»
22 Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.»