17 {{Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.}}
18 Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»
19 – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.
20 Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.
21 Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!»
22 Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.»
23 Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.