2 Der tok dei til å koma med skuldingar mot han. Dei sa: «Vi har funne at denne mannen fører folket vårt på avvegar. Han forbyd oss å gje keisaren skatt, og han seier at han er Messias, altså konge.»
3 Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.
4 Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hos denne mannen.»
5 Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si. Han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»
6 Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea,
7 og då han fekk vita at han var under domsmakta til Herodes, sende han Jesus over dit, for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.
8 Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge ønskt å få møta han. No vona han å få sjå Jesus gjera eit teikn.