47 Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»
48 Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.
49 Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde følgt han frå Galilea.
50 Det var ein rådsherre som heitte Josef. Han var ein god og rettferdig mann
51 og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og han venta på at Guds rike skulle koma.
52 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp.
53 Og Josef tok ned Jesu kropp, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.