52 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp.
53 Og Josef tok ned Jesu kropp, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.
54 Det var førebuingsdagen, rett før sabbaten tok til.
55 Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og såg korleis Jesu kropp vart lagd der.
56 Sidan gjekk dei heim og gjorde i stand angande olje og salve. På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde.