10 Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane.
11 Men dei tenkte det var laust snakk, og trudde dei ikkje.
12 Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.
13 Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem,
14 og dei snakka om alt det som hadde hendt.
15 Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei.
16 Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att.