17 «Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg.
18 Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.»
19 «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.
20 Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han.
21 Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende,
22 og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava
23 og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.