28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare.
29 Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver hos oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei.
30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.
31 Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei.
32 Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»
33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,
34 og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.»