30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.
31 Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei.
32 Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»
33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,
34 og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.»
35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.
36 Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»