33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,
34 og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.»
35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.
36 Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»
37 Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg.
38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar?
39 Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»